Tilsvar til vurdering

Erfaren, proaktiv og hyggeleg

Dr.Mukaya er erfaren, hyggeleg, proaktiv, grundig og service-innstilt. Eg og familien har Dr.Mukaya som fastlege og han har hittil vore eineståande for oss. Han har gitt oss raskt time, ordna reseptar, bestilt blodprøvar, undersøkelsar og han er kompetent på både akutte og kroniske tilstandar. Han er alltid i godt humør og tek seg god tid til kvar pasient, sjølv om han er travel. Eg nølar ikkje med å anbefale han. Han snakkar godt Norsk, Engelsk og Fransk. (Mannen min foretrekk å bruke Engelsk, det har vore null problem).