Tilsvar til vurdering
Varm, lyttande, aktivt tilstede og fagleg dyktig
Det er ikkje så lett å setja ord på kor viktig Silje har vore for at eg i dag lev eit liv som er så utruleg mykje betre(!!) enn før eg starta i terapi hos ho.
Silje er varm, lyttande og fagleg dyktig. Ho stiller gode spørsmål og utfordrar tankesett/mønster og lite nyttige «overbevisningar» ein har tilegna seg i livet, noko som for meg har vore heilt avgjerande for at eg i dag er frisk frå depresjon og angst .Eg har opplevd ho som genuint aktiv, varm og tilstades i terapien min. Ho kan vise til teoriar, forsking om det er naturleg, det har gitt meg ein djupare forståing av meg sjølv og korleis hjerna vår og psyken vår kan fungera. Viktig innsikt i arbeidet ut av mørket.I 2019 var livet mitt beksvart og eg tenkte eg for alltid kom til å streva med mørket inni meg. I dag er eg frisk! Gjennom terapien har eg teke mange nyttige valg og fått betre innsikt i meg sjølv og korleis min psyke fungerar. I dag kjenner eg meg godt rusta til livet her og no, og framover.
Silje er UTAN TVIL den beste psykologen eg har gått til (og eg har vore hos nokon oppigjennom åra).
Takk!