Tilsvar til vurdering
Nedlatende og uinteressert
Etter fleire år er tilliten til Hopland fullstendig brutt for min del, då eg opplever følelsen av å vere stempla som hypokonder for mine bekymringar rundt mi helse og mine plager.
I byrjinga av tida ho har vore min fastlege, virka ho grei og tok meg på alvor, men dette endra seg med tida til å gjere slik at eg grua meg til legetime fordi eg følte meg som ei byrde.Eg har lest dei gode omtalane om Hopland og tenker at denne legen velger ut dei ho likar, eller så er dette pasientar som ikkje har vore nødt å oppsøke lege ofte.
Eg kan berre advare mot denne legen no, så lenge ho ikkje tek pasientane sine på alvor og har bestemt seg på førehand at denne pasienten berre likar å gå til lege.
Hadde Hopland lært seg å lytte, ikkje avvise pasienten sine bekymringar utan god grunn, og vere følsom, hadde det gjort store underverk.
Kald personlegheit og himlar med augene fleire gonger i samtaler, opplever meg avvist og nedverdiga etter timar, sjølv om eg i somme tilfeller har fått god hjelp.OBS! Denne legen seier du IKKJE skal lese vedlegg i legemidla du får tilskrevet, du skal berre ta det ho gir deg og ikkje sjekke kva som står i vedlegget.
Kven sitt ansvar er det då å merke om reaksjonar som står i vedlegget at ein bør vere obs på, oppstår?
Ganske sikker på at i ei sak vil det bli tillagt pasienten, at pasienten skulle ha lest vedlegga for å forsikre seg om at alt var i orden.