Tilsvar til vurdering
Påliteleg og kunnskapsrik
Eg har verkeleg tillit til Magnus. Han har vist seg å vere ein påliteleg fastlege, og eg føler meg trygg på han. Han er ung og oppdatert på den nyaste kunnskapen innan medisin, og tek seg tid til å forklare ulike alternativ og prosedyrar på ein forståeleg måte. Det er tydeleg at han bryr seg om å gi meg best mogleg behandling, noko eg set stor pris på.
Eg har full tillit til hans faglege- og menneskelege kompetanse, og er takknemleg for å ha Magnus som fastlege.