Tilsvar til vurdering

Den beste doktoren!

Tore er ein veldig god doktor!
Han tek folk på alvor, støtter og hjelper det han kan og vel så det.
Mild, roleg og behageleg framferd, men ingen "pushover".
Fagleg flink, trygg og kunnskapsrik!
Henviser til spesialist eller sjukehus ved behov.
Sendte meg til rett spesialist som satte diagnose ved andre eller tredje legetime. Andre hadde ingen aning etter fleire års sjukdom.
Veldig flink til å sy!
Lun humor!
Rett og slett eit godt menneske og ein flott mann.
Svarer som regel veldig raskt på e-konsultasjon og ikkje altfor lang ventetid på timar.
Venter som regel litt på å koma inn på timen, men me er alle folk som nokre gonger treng meir tid. Men det viser.berre at han bryr seg og tek tida ein treng.