Tilsvar til vurdering
Dårlig kommunikasjon
Eg trur eg har hatt Salmana som fastlege i 4 år no, og opplevde dette som ein veldig god relasjon frå start. Dessverre har eg ikkje sett ho på vel 3 år, og etter særdeles dårleg relasjon til noværande vikar valgte eg å kontakte legekontoret for avklaring. Etter fleire heilt ærleg ganske uforskamma svar, fekk eg informasjon om at Salmana har sagt opp. Dei kunne ikkje sei noko om når ho ville bli erstatta eller kven som kom til å erstatte ho.
Dei siste åra har eg vore alvorleg kronisk sjuk, både fysisk og psykisk. Eg har diverre hatt behov for ein del legeoppfølging på grunn av dette, og har i samband med det vore nøye med å gjere det eg har fått beskjed om i håp om å bli betre. Likevel har eg ved fleire anledningar opplevd meg nedverdiga og devaluert av noværande fastlegevikar. Eg har gjentatte gonger måtte forsvare meg sjølv og argumentere for retten til å bli respektert, lytta til og tatt på alvor. Dette har eg addressert til vedkommande fleire gonger i håp om å betre relasjonen, utan at det har ført nokon veg. Snarare tvert imot har dei siste oppfølgingstimane blitt avslutta med det som best kan beskrivast som krangel. Eg ser på det som nokså uprofesjonelt og ganske respektlaust i ein samanheng der respekt bør være eit minimum. Eg er sjølv helsepersonell og kunne aldri behandla eigne pasientar på den måten eg sjølv har blitt behandla på her. Difor kunne eg ikkje gjere noko anna enn å bytte fastlege.