Tilsvar til vurdering

Kan ikkje anbefalast!!

Denne legen hadde eg ikkje gått til om eg så var dødssjuk! Er det ØH seier eg alltid at eg ikkje går til Følcshe om det er han som har vakt. Virkar som helsesekretærane har høyrt dette ein million gangar før og nølar ikkje eit sekund med å sei ifrå om det er han som har vakt. Sist eg var til han pga. mulig lungebetennelse sa han at han først skulle lytte på hjertet mitt og sette stetoskopet langt ut på høgre side. Eg var usikker på om eg skulle sei ifra om at hjertet mitt ikkje var der. Han spurte meg heile FEM gangar om eg hadde vore i utlandet i det siste. Siste gangen han spurte sa eg berre at svaret mitt var det samme som dei siste fire gangane han spurte og då klarte han ikkje å hugse kva svaret var. Han målte blodtrykk og fann fram ein sprittusj og skreiv blodtrykket mitt med STORE tal på papiret som er på pasientbenken, deretter slengte han stetoskopet sitt bort på skrivebordet sitt slik at det smalt i pc-skjermen! Makan til eksentrisk fyr! Dei gangane eg har gått til han som er ca 10 totalt har eg aldri hatt ein god opplevelse. Eg håpar eg slepp å gå til han nokon gang igjen.