Tilsvar til vurdering

Eg er takknemlig for å ha ein så grei og flink fastlege

Dr. Brautaset har vore min lege sidan 1998. Han viser respekt for pasienten, er hyggeleg, folkeleg og professjonell. Han er lett å kommunisere med, lyttar interessert til det eg seier, forklarar når det er noko eg vil vite nærare om og henviser meg vidare når eg har bruk for sjukehus- eller spesialist-tenester. Sjølv om det kan gå nokre minutt over tida før eg kjem inn til den avtalte timen, er han aldri stressa, men roleg og trygg.