Tilsvar til vurdering

Ein dyktig lege som høyrer på deg

Her kan mange lære av Svein Welle. Generelt må leger og anna helsepersonal må bli betre til å kommunisere med pasientar. Mange verkar ikkje som dei høyrer på kva pasienten seier i heile tatt, men vektlegg kun det dei ser sjølv, og kva boka og eigen kunnskap seier.

Svein Welle er fagleg dyktig og tar seg tid til å høyre på kva pasienten seier. Welle spør eksempelvis i sjukdomstilfelle kva ein sjølv meiner kan vere gale og kva som har betra eller forverra situasjonen.

Eg har hatt Svein Welle som fastlege i ca 15 år. Han er punktlig og presis og har gjort ein veldig god jobb desse åra.