Tilsvar til vurdering

Super lege!

- Faglig dyktig og grundig
- Høyrer på kva du har å sei
- Forklarar og begrunnar alt han gjer på ein forståeleg måte
- Kommunniserer godt
- Viser omsorg utan å bli privat og klein
- Humor og sosiale antenner
- Er alltid oppdatert på journalen og hugsar alt me har prata om tidlegare

Har hatt han til fastlege gjennom alt frå stress pga vanskelege arbeidsforhold til enkle infeksjonar eller gynekologundersøkingar, samt gjennom to graviditetar. Alltid like nøgd med oppfølginga. Har alltid følt meg tatt på alvor og ivaretatt. Anbefalast!

Synest også damene i skranken er trivelege og hjelpsomme.