Tilsvar til vurdering

Bomtur kvar gong

Det kan ta to veker før du får time, og når dagen kjem, må ein rekne med at ein kanskje må vente ein time før ein kjem inn (har opplevd to timars venting). Ho går altfor fort fram, og vil berre få meg ut igjen (pga køen sikkert). Ei gong lo ho av meg, då ho fann ut at det ikkje var noko gale med meg. Eg ville stille ho eit ekstra spørsmål om svimmelheit, og då sa ho at det høyrtes alvorleg ut, men at eg måtte bestille ny time! Etterpå gjekk ho sjølv ut på sekretærens sitt kontor og tok pengar (berre kontantar) fordi sekretæren hadde fri. Ho gløymte å lage henvisning, så eg kom meg aldri til øyre,nase,hals-klinikken.