Tilsvar til vurdering

Må vere ein av verdas beste

Han karen her kan sakene sine! Etter å ha gått hjå han i mange år no, så kan eg seie dette med den største tryggleik. Det at Northug også bruker han, seier vel sitt? Elles så vil eg anbefale alle å ta turen til Tom om ein har store ryggproblem, berre treng litt justering eller ynskjer energipåfyll, for denne karen har eit smittande smil. Eg "svever" alltid ut av Tom sitt kontor. Han er ekstremt kjapp, så ein kan bli litt stressa av å vere inne på kontoret hans, men det betyr berre at han er svært konsentrert i å gjere jobben sin hundre prosent, samstundes som han tek seg tid til å spørje om korleis du har det. Hadde eg fått ein endå roligare Tom, så hadde han nok ikkje rukket å hjulpet så mange som han faktisk gjer. Og denne karen må eg nesten unne alle!