Tilsvar til vurdering

Stille, men flink og kunnskapsfull

Både eg og kona valgte Margrethe da vi flytta til Vettre for ein del år sidan. Dette vart litt tilfeldig, men vi tenkte at vi kunne vere greit med same fastlege, og i nærleiken. I begynnelsen syntes vi ho virka litt stille, men etter at kona vart gravid vart vi meir og meir fornøgd. Og vi vart spesielt glad da ho lindra svangerskapskløa på ein måte som både legevakt og ein anna lege ikkje klarte. Etter fødsel og gjennom dei første åra til barnet vårt har vi fått god service og rask respons. Dei få gangane vi har ønska/følt behov for henvisning har vi vorte møtt med forståelse og fått henvisning. Så vi er godt fornøgd og kjem ikkje til å bytte.