Tilsvar til vurdering

Lite fornøgd

Framstår smilande og hyggeleg. Veldig sjølvsikker, men til tider arrogant. Lite imøtekommande, virkar ikkje interessert i pasienten, Meir oppteken av eigne tankar og meiningar enn å lytta og spørja. Ein god lege må vera oppteken av heile menneske, ikkje alt viser på ein prøve.

Til tider uprofesjonell, det har vore vanskeleg å opna seg for legen. Har ikkje blitt teken på alvor, ting blir bagatellisert. Samarbeid og tillit har vore vanskeleg med denne legen. Sikkert fagleg dyktig på mange områder, men har mykje å læra om det emosjonelle, om å lytta og sjå folk. Legen kan nok fungera bra for dei som har avklarte lidingar eller som treng ein resept i ny og ne.