Tilsvar til vurdering

Veldig hyggelig

Eg er ikkje so glad i å gå til tannlegen og etter å ha flytta frå Trondheim til Oslo i 2017 tok eg meg aldri tid til å gå til tannlegekontroll. I 2019 byrja eg å kjenne noko i ei tann og måtte bestille time hos nokon. Valget falt på Tannlegene Rossow på Sagene, mest fordi vi bur rett over vegen. Men eg sjekka litt her på legelisten dei som jobba der og bestemte meg for å booke time hos Sofia. Det angrar eg ikkje på. Ho er veldig hyggelig, behagelig og tek godt vare på deg om du har litt tannlegeskrekk. Eg har bora 2 gongar no og kvir meg mest til bedøvelsen (sprøyta), men Sofia er kjempeflink og det går fort over. So eg kan varmt anbefale Sofia til nye pasientar. Fornøgd med resultata, vanlege tannlegeprisar og heilt greit venterom. Sofia har fint kontor. Og for dei som ikkje bur rett utanfor tannlegekontoret er det lett å kome seg til med buss.