Marius Opsahl
Mann, 51 år
Spesialisering
Godkjenning
Ledige plasser
Motta varsel hvis denne legen får ledig plass
Eg veit ikkje heilt kvar eg skal starte med å takke denne legen! Når eg kom til han for 5 år sidan så var eg heilt ferdig og utslitt, og når han fekk meg inn på møte så følte eg som eg var i eit avhør og likte rett og slett ikkje denna mannen! Men himmel så feil eg tok av han! Han vil ha alle detaljer fra deg, og ikkje fra det andre leger har skrevet. Det viste seg at eg var feildiagnostisert, og blei fort frisk etterpå! Ved akutte sjukdommar så har han alltid vært der, og eg får alltid kontakt om det er behov.
Han er til å stole på, gjer jobben sin, sender deg videre og rett fram om det han meiner.
Marius er ein lyttande lege, som set pasienten i sentrum. Han er fagleg dyktig og følgjer meg opp på ein svært god måte.
Etter mange års oppfølging av helseplager, har han bidratt til at fokuset på den medisinske oppfølginga er endra frå spesialisthelsetenesta. Det har bidratt til ei forbetring av mine helseplager.
Ein stor takk til Marius som lege!